English version
Gul fasade med OsloMet-logo

MSCA-stipend til OsloMet

Tre OsloMet-forskarar har fått tildelt stipend gjennom EUs prestisjetunge mobilitetsprogram Marie Skłodowska-Curie Actions (MSCA). Ytterlegare to forskarar står på venteliste.

Marie Skłodowska-Curie Actions (MSCA) (ec.europa.eu) er eit delprogram under Excellence-delen av EU-programmet Horisont Europa som finansierer forskarmobilitet.

Gjennom programmet kan forskarar frå heile verda søke stipend om 1-2-årige opphald ved ein utanlandsk institusjon som har forskingsmiljø og mottaksapparat på høgt nivå som er relevant for eiga forsking og dermed kan bidra til eit karriereløft.

Les meir om tildelinga på ansatt.oslomet.no